Barneidrettsskulen er eit allaktivitetstilbod til barn og unge i alderen 5-12 år. Aktivitetane er av ein lik karakter at dei skal passe for alle. For mange er dette det fyrste møtet med ein organisert aktivitet utanom barnehagen. Ungane lærer å ta hensyn til kvarandre og dei blir utfordra både fysisk og mentalt.
Organisering
Ungane blir delt i 3 grupper. Gruppe 1 er 1. klasse og femåringane, gruppe 2 er 2.- og 3. klasse og
gruppe 3 er 4.- , 5.- og 6. klasse.
Dei tre gruppene fordelast på 3 stasjonar, ute ved folkehøgskulen, i gymnastikksalen på folkehøgskulen og i symjehallen.
Gruppene er to gonger på kvar stasjon før dei tek med seg sine leiarar og flyt til neste stasjon. Terminliste for dei ulike gruppene vert delt ut ved fyrste eller andre møte.
Når?
Barneidrettsskulen startar kl. 18 fyrste måndag etter haustferien, og held fram til påske.
Kven?
Elevane ved folkehøgskulen som har barneidrett som valfag, driv saman med idrettslaget barneidrettsskulen. Dette er ein utruleg god tradisjon som me må gjera alt for å taka vare på.
Ved starten av skuleåret skipar idrettskrinsen til eit kurs i barneidrett. Dette kurset og er då basisen for idrettsskulen resten av året (I tillegg har elevane time/undervisning på folkehøgskulen kvar måndag saman med Hermund.)
Treningsavgift
Det er ei treningsavgift på 100 kr.
Ansvarlege
Dei som har styrar med barneidretten er Villy Aufles tlf. 90982365 frå idrettslaget,
og Hermund Kristiansen tlf. 91591953 frå folkehøgskule.
