Velkommen til skigruppa i Seljord

 I skigruppa i Seljord IL er det skiglade barn og unge i alle aldrar.

Målet vårt er å fremje skigleda til så mange som mogleg.
Vi deler opp i 2-3 aldersgrupper slik at alle klarer å henge med! Skitreningane blir gjennomført med ein hovudtrenar og 2-3 hjelpetrenarar. Foreldra hjelper til ved behov.
 
I sommarsesongen trenar den eldste gruppa med rulleski og i september startar barmarkstrening for alle gruppene 1 dag i veka.  Her er det lagt opp til eit variert program med både styrke-, uthald- og teknikktrening.
 
Vi arrangerer skikarusell 1 kveld i veka i nytt skianlegg i Raukleiv. Sjå vidare informasjon under ”Skikarusell”.
Skigruppa oppfordrar  medlemane til å delta i ulike skiarrangement.
 
Vi gjennomfører også overnattings-/fjellturar , sjå ”Arrangement”. Dette er eit populært innslag med stort oppmøte.
Kvar sesong blir det gjennomført skismørekurs i regi av ein av sportsforretningane i Seljord. Medlemane i skigruppa får også tilbod om å kjøpe skidrakt til gunstig pris på grunn av sponsormidlar fra næringslivet i Seljord og støtte fra Seljord Idrettslag.
Som medlem i skigruppa får ein redusert pris på langrennsrelatert utstyr.
Treningskontingent: 100,- ( må i tillegg vera betalande medlem i Seljord Idrettslag)
 
Vi ynskjer små og store barn og unge hjarteleg velkomne til skiglede saman med oss!
 
 
Temperaturrestriksjoner

Norges Skiforbunds tilrådingar når det gjeld temperaturrestriksjoner, er -15 grader for dei under 16 år. Vi vel litt andre grenser, slik at alle skal ha ei god oppleving på skitreningane og skikarusellen. Skitreningen blir avlyst ved temperaturar kaldere enn -12. Vind skal også taes med i vurderingen. 

Skikarusellen har vi bestemt at blir avlyst ved kaldare enn -10 grader, da det også er mange mindre barn med på karusellen.

Skigruppa vil i nærmaste tid legge ut tips til korleis det er lurt å kle seg.. Lurt å lese! 

 

Tips til utstyr og bekleding

Her vil skitrenar Per Dehli komme med noen tips i nærmaste framtid.

 

Smøretips

Ta ein kikk på www.swixschool.no. Her er mange gode råd, alt fra turbruk til konkurransesmøring. 

Intersport Seljord arrangerte tirsdag 13.12 smørekurs, der en representant fra Zipps viste hvor enkelt smøring av ski kan være. Skigruppa takker Intersport Seljord og Zipps for veldig bra opplegg!

 

 

© 2009 IT4you  | Terms Of Use