Fyresdal-dominans på Eventyrøy
Fyresdal var i finalen i alle tri klassene dei deltok i på Vest-Telemark-cupen i Seljord 28. august, men det var berre dei 14 år gamle gutane som drog heim med pokal.
26 lag og kring 250 spelarar deltok i Vest-Telemark-cupen for smågut, småjenter, gutar og jenter på Eventyrøy i Seljord sundag.
Dei to guteklassene spela finalar fyrst. For dei eldste var det samarbeidslaget Seljord/Kviteseid 2 som viste seg som det sterkaste laget. Dei gjekk gjennom gruppespelet med tri strake sigrar og 13-0 i målskilnad, og i finalen slo dei Fyresdal 3-0.
Men på den andre finalebanen kunne fyresdølane juble for siger. Høydalsmo blei slått 4-1.
For Vinje kommune var det jentene som redda dagen. Det unge 16-årslaget til Vinje avgjorde finalen mot Høydalsmo i sluttminuttane då Mona Andersen skåra kampens einaste mål på eit strålande langskot. Juble kunne også 14-årsjentene til IL Dyre Vaa som slo Fyresdal i finalen.
– Det er andre året på rad me gjeng til topps, seier fornøgde raulendingar etter å ha mottatt det synlege beviset på at dei var vinnarar av Vest-Telemark-cupen.
Gutelaget frå Dyre Vaa kunne ikkje vise til liknande resultat, men trass tri tap var smilet på plass.
– Tap og vinn med same sinn, seier trioen Lawrence Deam Mulba, Lars Gustav Djuve og Sveinung H. Seltveit.
Sak frå Vest-Telemark blad.
IL Dyre Vaa vann J14-klassa. (Foto: Øystein Øygarden, VTB)

Vinje vann J16-klassa. (Foto: Øystein Øygarden, VTB)

Fyresdal vann G14-klassa. (Foto: Øystein Øygarden, VTB)

Seljord/Kviteseid 2 vann G16-klassa.(Foto: Øystein Øygarden, VTB)

Asgeir Storrusten, Seljord/Kviteseid, blei kåra til turneringas beste keeper. (Foto: Øystein Øygarden, VTB)