Årsmelding 2010



ÅRSMELDING 2010 – DYRSKUGRUPPA – SELJORD IL

Dyrskugruppa 2010 har bestått av: Gunnleik Kittelsaa, Jon Kittelsaa, Dagfinn Tveiten, Øystein Nordskog, Lise Aarvik, Oddvar Kvålo, Ole Tufte og Tellef Solås.
Seljord Skulemusikk har hatt ansvar for mannskapslistene i 2010.

Det vart omset mat for 3,2 mill.kr. mot 3,691 mill.kr. i 2009. Besøkstalet var på 61.800 mot 67.500 året før. Sal per besøkande vart kr 51,77 mot kr.54,68 i 2009.
Totalrekneskapen viser ei bruttoforteneste (omsetning – varekjøp) på 67% som lik 2009.
Når alle kostnadene er trekt frå sit vi att med eit driftsresultat overført til hovudlaget på 1,243 mill.kr som er lik 2009, men i 2009 hadde vi i tillegg investeringar på kr. 200.000. Ser vi Dyrskun 2010 under eitt var det det dårlege været på laurdag med regn heile dagen som var hovudårsaka til nedgangen frå året før.

Mannskapsbehovet dei 3 Dyrskudagane er på totalt 4000 timar som er uendra lik 2009. I tillegg har vi hjelp frå rundt 250 ungar i Seljord IL i aldersgruppa 10 til 14 år som held det reint rundt kioskane våre. Vi har gått opp litt på innleige frå andre lag som var 2000 timar i 2009, men ligg nå på 2050. Desse laga var i tillegg til Seljord Skulemusikk leig inn i år: Kvitsund Gymnas, Hjartdal IL, Vrådal IL, Speidaren i Bø, Sauland IL, Gvarv Skulekorps og Telemark Gardistforening.

Utfordringane til Seljord IL er utviklinga med nye matutsal på Dyrskuplassen både innanfor Småskalateltet og at Dyrskun sjøv har etablert eigne utsal med fårikåltelt og Stuten kafe på Husdyrhallen som vil gå ut over vår omsetning. Seljord IL har gjennom avtale med Dyrskun hatt førsterett til nye matutsal og meiner at Dyrskun gjennom etablering av eigne utsal ikkje har tatt omsyn til dette. Avtala mellom Seljord IL og Dyrskun går ut i 2010 og forhandlingar om ny avtale har teke til i januar og vi er i skrivande stund ikkje i mål med nokon ny avtale.


Seljord januar 2011
Tellef Solås
Leiar i Dyrskugruppa
 

Bilder frå Dyrskun 2010

1 Personalmottak Mona og  IngerAdd Content...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Personalmottak ved Mona og Inger

Kvilebua til SIL

 

Provisorisk varemottak i 2010 - Gunleik

Dagfinn i farta

Sigridbui

Frelsesarmeen reklamerer for oss

Oddbui

Kantina

Gunnarsbu

Telt Einarbui

Einarbui

Portkiosken

Telt ved Infoen

Stuten Cafe - Konkurrenten vår

 

© 2009 IT4you  | Terms Of Use